Vaagavatn Framside

Du kan no velje mellom seks herlege og forfriskende smaker. Vi anbefaler deg å ta med heim litt av kvar smak slik du får nyte den i fred og ro.

Brusen får du tak i enten via nettbutikk levert heilt heim eller fra butikk utsalg både her og der.

På folkemunne blei brusen til Ole Vaagen kalla “Vaagavatn”. Han produserte brus og mineralvatn i kjellaren på Stord, og leverte etterkvart til butikkar og kafear i heile distriktet. Til serveringsstadane på Stord og Sagvåg leverte han med hest og kjerre, og til Hardanger og sørover på Haugalandet med robåt og kystrutebåtane.

No har etterkomarane etter Ole Vaagen tatt opp igjen den lokale brusproduksjonen, 70 år etter at dei siste flaskene med lokalbrus blei tappa.