Superlokal brus frå Stord

Solskin

Solskin er ein forfriskande brus med nydelig appelsinsmak. Me har brukt appelsinkonsentrat av høg kvalitet og tilsatt ein “dæsj” naturlig limearoma for å gi brusen eit andå friskare uttrykk. For å unngå at det blir for søtt og samtidig gi smaken ei fin avrunding, har me tilsett eit lite hint av appelsinskal. Ei iskald Solskin er det nærmaste ein kjem kjære barndomsminner av korleis god gamaldags appelsinbrus skal smaka.

Rabalder

Rabalder ei vidareutvikling av den første rabarbrabrusen vår, «Sommarøyo». Med Rabalder har me utvikla smaken vidare, og oppdatert både namn og design på boksen. Rabalder er som dei andre produsert av mineralrikt vatn frå Fitjar, og basert på ekte konsentrat av rabarbra.

Hyllebrus

Hyllebrusen landa på marknaden våren 2023, og blei straks ein publikumsfavoritt. I Hyllebrusen har me blanda både hylleblomst og hyllebær til ein spennande og sjeldan frisk og nyskapande brus. Sjølvsagt produsert av mineralrikt Svartavatn og med fruktkonsentrat av høg kvalitet.

Granat

Denne brusen er vårt profesjonelle testpanel sin absolutte favoritt. Som alle brustypane våre, er Granat produsert av mineralrikt vatn frå Fitjar. Brusen er laga av fruktkonsentrat av beste kvalitet, noko som er viktig for å få den naturleg fruktsmaken som brusen til Vaagavatn er kjenneteikna av. Kombinasjonen av granateple og appelsin gir eit unikt smaksbilete og gjer dette til ein av dei mest spennande fruktbrusane på marknaden.

Julabrus

Vaagavatn sin Julabrus skil seg frå andre julebrus-typar ved at det er ein rein bringebærbrus med smak frå ekte bringebærkonsentrat, som gir ei meir naturleg og og fyldig smaksoppleving enn den tradisjonelle aroma-baserte brusen. Julabrus er djup raud i fargen og har ei frodig lukt av bringebær.

Vassperler Lime

Vassperler er Vaagavatn sin serie med mineralvatn, altså karbonert vatn med smak. Som brusen, er Vassperler produsert av det mineralrike Svartavatnet på Fitjar. Mineralvatnet med det klingande nynorsknamnet er for tida tilgjengeleg med smak av lime/sitron. Vassperler vil i periodar også kunne vera tilgjengeleg med andre smakstilsettingar, som til dømes eple.

Vassperler Eple

Vassperler er Vaagavatn sin serie med mineralvatn, altså karbonert vatn med smak. Som brusen, er Vassperler produsert av det mineralrike Svartavatnet på Fitjar. Mineralvatnet med det klingande nynorsknamnet er for tida tilgjengeleg med smak av lime/sitron. Vassperler vil i periodar også kunne vera tilgjengeleg med andre smakstilsettingar, som til dømes eple.