Om Vaagavatn

Ole Vaagen Mineralvannfabrikk

I 1933 starta Ole Bertin Vaagen brusfabrikk i kjellaren på huset sitt i Sjoarbakken 16 på Stord. Det var ei familieverksemd, kor alle borna og borneborna måtte ta del i tapping, bruskassebering og flaskevasking.

For å levere brus, fekk dei låna Gravdalshesten frå nabogarden. Ungane i nabolaget likte godt å få sitte bakpå kjerra når Vaagen køyrte rundt med brus til kafear og butikkar på Vikjo, Sagvåg og Litlabø. Til Halsnøy, Sunde, Husnes og Valen leverte han brus med robåt, og når det var snakk om store leveransar rundt i distriktet leigde han småskøyter eller nytta seg av kystrutene i distriktet. Heilt til Åkra, Etne og Skånevik leverte fabrikken brus.

Ole Bertin Vaagen

Ole Bertin Vaagen kom opphavleg frå Kvinnherad. Han var født i 1874 i Uskedalen og vaks opp på garden Vågen i Herøysund, som var ein av husmannsplassane på Berge-garden. Faren, som også heitte Ole, var frå Onarheim på Tysnes, men dei slo seg ned i Herøysund på heimplassen til mora, Brita. Vaagen-garden var ikkje stor, men han låg lunt til, og dei hadde fire kyr, ein hest og ein del sauer. Dei planta også 100 frukttrer, som fungerte som ei fin attåtnæring.

Ole hadde 11 søsken. Alle vaks opp, med unntak av førstefødde Halvor som døydde kort tid etter fødsel, og Johannnes som døydde som 16-åring. Det var trange kår, og fem av søskena utvandra til etter kvart til USA. Borna var relativt strengt oppdratt, med ei sterk mor og ein far som reiste i Nordlandsfarten store delar av året. Dei kom ut i verda med gode føresetnader, frå eit godt miljø. Bondeblod og sjømannsblod, og den kulturelle bakgrunnen frå mange slektsledd med arbeid i fraktfart, fiske og skipsbygging var god ballast.

Dei vart kalla Vaagen-gutane. Fleire av søskena tok attende Onarheim-namnet etter kvart som dei flytta heimefrå. Ole heldt på Vaagen-namnet, for å unngå å bli forveksla med faren som også heitte Ole og var nordlandsskippar.

Ole hadde eit spesielt nært forhold til dei seks år yngre tvillingane Gustav Berner og Theodor Selmer. Med ein far i Nordlandsfart var det Ole som hadde mykje av ansvaret for tvillingane. Når tvillingane hadde seg ein middagslur, lurte Ole seg på sjøen. Men så snart dei vakna, blei han ropt inn igjen for å ta seg av småbrødrene.

Skipsfart

Både Ole, Gustav og Theodor gjekk inn i skipsfarten. Allereie som 21-åring eigde Ole sin eigen båt, som han gjekk i Nordlandsfart med. Tvillingane starta som kokkar om bord båtar i nordlandsfart i 15-årsalderen. Gustav skreiv dagbok i mange år, og om dette skriv han:

Selmer (Theodor) og jeg havnet begge som førstereisgutter og kokker på jakter som gikk i Nordlands-farten. Jeg husker hvor rart og sårt det var å skilles fra min tvillingbror, vi som alltid hadde vært sammen. Det gikk lang tid før jeg kunne forsone meg med at det var livets gang. Mor var meget imot at vi skulle velge sjøen som levevei. Hun mente vi heller skulle satse på et håndverk. Far mente at om vi valgte sjøen, måtte det bli utenskjærs. Han trodde at Nordlands-farten ville ebbe ut i den form den hadde, og at mulighetene i en fremtidig handelsflåte var langt bedre.

Det stemte. Nordlandsfarten var i nedtrapping og dei måtte sjå seg om etter noko anna. Tvillingane byrja i utanriksfarten og vart etterkvart kapteinar. Ole heldt fram i Nordlandsfarten, men etterkvart vart det vanskelege tider på sjøen. Fisket var ikkje så rikt, og han måtte sjå seg om etter noko anna. Han tok mangt slags arbeid, men etter kvart blei det klart for han at skulle dei klara seg, stod valet mellom å reisa på langfart slik som brødrene hadde gjort, eller reisa til Amerika og ta seg arbeid der. Han overlot valet til kona Brita, som sa:

“Då vil eg at du skal reisa nokre år til Amerika, for då kjem du att. Reiser du på langfart, kjem du heim ei kort stund, og så fer du igjen. Då vil du bli borte resten av livet.”

Ole reiste til USA i 1909 og kom tilbake igjen fem år seinare, i 1914. Då hadde han tent nok pengar til å betale ned gjeld og bygga hus i Uskedalen.

Sildolje

Etter returen frå USA, jobba Ole fleire år i sildoljeindustrien i Uskedal og Strandvik. Samstundes gjekk Theodor, som då var respektert sjøkaptein i utanriksfarten, med tankar om å gå i land. Han såg seg om etter noko å gjera på landjorda, og etter ein samtale med Ole heime i Uskedalen, bestemte dei seg for at sildoljeproduiksjon var ei framtidsretta og spennande næring. I 1919 starta dei A/S Stord Sildoljefabrikk, med Theodor som hovudeigar og disponent, Gustav som sovande partnar og Ole som minoritetseigar og produksjonsleiar.

I over 20 år jobba Ole på «sildoljen» på Kjøtteinen. Ein del av den perioden var han også på Sørlandet for å etablera ein ny sildoljefabrikk for Sigfinn Bartz-Johannessen, som hadde tatt over eigarskapen av sildoljefabrikken etter konkursen i 1926.

Brusproduksjon

Men i 1930 vart han utsett for ei arbeidsulukke, og det vart stadig vanskelegare å gå vegen frå heimen i Sjoarbakken til og frå Kjøtteinen. Sildolje var i tillegg sesongarbeid, og han hadde behov for eit meir stabilt levebrød gjennom heile året.

I dialog med eldstesonen Tormod Vaagen, som budde i Oslo, kom Ole fram til at brusproduksjon var ei god attåtnæring til sildolje. Medan sildesesongen var på vinteren, var brussesongen på sommaren.

Tormod tok kontakt med Anthon Korterud ved Mysen Mineralvannfabrikk. I 1931 sendte Ole Vaagen brev til Korterud med bod på 2000 kroner for komplett maskineri til brusfabrikk. Mysen Mineralvannfabrikk gjekk veldig bra, og skulle utvida. Korterud ville ikkje selja til lokale konkurrentar, men hadde ingenting imot å selja til ein fabrikk på Stord.

25. august same året signerte Ole Vaagen kontrakt med Korterud for kjøp av brusmaskinar, inkludert reseptar på mineralvann. Kjøpet vart gjennomført med atterhald om konsesjon frå departementet og Inspektøren for Tobakksbeskatningen. Det tok lang tid å komma i gang. Først i oktober 1933 var brusfabrikken ein realitet, same året som Ole Vaagen si dotter Bergliot Vaagen Matre etablerte Vaagens Blomster.

Ole Vaagen dreiv brusfabrikken under krigen. Det var ikkje berre enkelt, og både kolsyre og sukker var vanskeleg å få tak i.

Både blomsterbutikken og brusfabrikken var familieverksemder, og alle måtte bidra. Born, borneborn, tantebarn og onkelungar. Spesielt svigersønene Andreas Vaagen Matre og Per Djupvik var viktige medarbeidarar. Alle måtte vaske brusflasker og levere brus og blomar. Og betalinga var som oftast kost og losji og nokre øre i lommepengar i ny og ne.

«Ole Vaagen Mineralvannfabrikk» blei seinare til «Sunnhordland Mineralvannfabrikk, og leverte brus i heile distriktet fram til utpå 50-talet. På folkemunne blei brusen kalla Vaagavatn.

Per Djupvik tar over

Ole døydde i 1947. Svigersonen Per Djupvik kjøpte maskineriet og tenkte å driva produksjonen vidare. Han hadde også kjøpt tomt på Vikjo av Gunda Bjelland for å etablera fabrikken der. Men Per måtte i militæret i 18 månader, og då han kom tilbake hadde alle koparrøyra eira inni slik at brusen blei dårleg. Utstyret var i tillegg gamalt og kravde store investeringar. Visstnok blei den siste brusen han produserte servert i eit hageselskap på Døso. Pga eiringa i koparrøyra, blei mange av gjestane dårlege av brusen. Verksemda blei nedlagt tidleg på 50-talet.

Brusproduksjonen startar opp igjen

I 2021 etablerte Rolf Andreas Naustdal, Odd Naustdal og Frode Hugo Aase verksemda Ole Vaagen Mineralvannfabrikk AS. Rolf Andreas og Odd er oldebarn av Ole Vaagen, og har sidan barndomen høyrt historiar om brusfabrikken i kjellaren på «mormorhuset». Målet med etableringa var å blåsa liv i lokal brusproduksjon igjen, og formidla historia om eit spennande, lite kapittel i det lokale næringslivet.

Det viste seg at laboratoriet som utvikla smakane for Ole Vaagen på 30-, og 40-talet fortsatt eksisterer. I dag heiter det Storms, og er ei familieverksemd i Oslo som vert driven i femte generasjon. Storms bistår med utvikling av smakane og dei ulike brustypane.

Til sjølve produksjonen, har Ole Vaagen Mineralvannfabrikk inngått samarbeid med ELØ bryggeri på Fitjar.

Sidan Julabrus vart lansert i 2021 har der til no blitt utvikla seks andre spennende forfriskende brus som ein kan få kjøpt i lokale utsalg og igjennom nettbutikken.